logo

(av Hans Kristian Eriksen)

(Uttale: kvajnnto:a, kvajnnli:a, kvajnnå:sen)

Eg har fått fleire spørsmål om namnet Kvanntoa.
Folk spør ka det kjem det av og ka det betyr. Her skal dokker få høre eller se:


(foto:Hans Kristian Eriksen)
Kvanna kan bli en kjempeplante - og det seies at det er helse og legedom i heile planten.
Marka er full av namn med forleddet kvann og kvannto, ikkje minst på Senja og ellers i Midt-Troms. Så veit vi då også at kvann alltid har vore en viktig plante, og de mange namnan i marka bekrefte det. I kartserien M 711 finn eg 252 namn på kvann i Nord-Norge.
Her er det mange kvanndala og kvannlie, kvanntoe og kvannholma osv.

Kvann er en stor plante, opptel et par meter høg. Det er to sorta av den - strandkvann og fjellkvann. Det er fjellkvann som er etanes. Den sette frøan i en ”skjerm”, som er forma som en stor ball når den modnes. Kvanna veks mykje langs elve litt høgt i terrrenget. Planten har vore brukt av menneska så langt telbake som vi kjenne historia. Di dyrka også kvann i haga – ”kvangardar”.
I Olav Trygvassons saga i Snorre les vi f.eks. at kongen kjøpte ”kvannjol” på torget i Nidaros. (Kvannjol var den stelken som kunne etes).


Kvanna har vore brukt som råsterk skråtobakk og røyketobakk i pipa. Men den var også et viktig legemiddel. Etter tradisjonen skulle erkeengelen Gabriel har vore læremester førr folk i bruken av kvann. Det er vel derfor det latinske namnet er Angelica archangelica - altså engel erkeengel.
Fint og sterkt skal det være!

Kvanna etes helst tidlig på sommarn. Du tar blomsterstengelen like før planten blomstre, renske bort det ytste laget som er grovt, og så et du det inste. Han Nikolai i Kaperdalen viste meg en gang korsn man renska kvanna. Men han kalte den spiselige kvanna for sløkja.
Merkelig nok er det tilfelle fleire plassa. Vi spiste kvanna han gav oss.
Og så sa han Nikolai:
- Når vi va slapp om vårn, gjekk vi og skar os sløkja og åt, og då blei vi kvekk.
Det er litt C-vitamin i kvanna.
Fra Berg heiter det også at di skjelna mellom sløkje og kvann. Bare blad og bladstelk blei kalt kvann. Folk flest var ikkje klar over at detta ver et forstadium førr det som kunne spises.
Når blomsterstengelen kom og planten begynte å sette frø, kunne man ete den som sløkje.
Denne trua hadde di i di fleste bygden.

I heile planten er det eteriske olja med sterk aromatisk duft og kraftig smak. Men kvanna har vore regna som god mat for unga og voksne. Og helsesam. Er det da rart at det blei mange kvann-namn i marka!

Hos oss har vi Kvanntobotn (ofte uttalt kvanntebotn) utmed Skrolsvik, Kvannlia og Kvannåsen i Lenvik, Kvanntoa ved Finnsnes. (Der er Kvanntoa blitt tel Appelsinhaugen. Ta i bruk det gamle namnet igjen!). Og så har vi Kvanntofjellet ved Finnseter i Berg - og en rekke andre fjell og dala med kvann og kvannto.

Kvannto i så mange namn fortell at det oppe i fjellet eller i lia kan være ei græsssletta eller en ”palle” i lia med græs der det også veks kvann. To (toa) betyr ”græsplett, liten grønning mellom berg eller kratt”, siterer eg fra Nynorsk etymologisk Ordbog. På ei slik to veks det gjerne kvann, og da blir det kvanntoa. Og så har vi fått kvannto-namnan. Ja, Angelica archangelica er en mangfoldig plante. Finn, skjær og et!


Publisert med tillatelse fra Hans Kristian Eriksen.

Oppdaterte Artikler