logo

(av Hans Kristian Eriksen)

(Uttale: Værrselmo:en)

En plass på Senja på kart M-711 finn vi namnet Verselvmoen. Når eg tar fram dette namnet her, e det fordi forleddet versel va så mykje brukt i dagligtalen i gamle daga. Og versel finn vi enno i hundre- og tusentall omkring i heile Nord-Norge. Her har eg vellt bilde av et versel vinters tid.
Når vi ser holle i snyen tidlig på våren eller medt på vintern, då står vi ved et versel.

Eg har klart å finne et einaste egennamn på versel på heile Senja, og det e denne Verselmoen i Kvanlia, Lenvik, som på kartet skrives Verselvmoen.

Grunnlaget førr skrivemåten e ei elv som renn gjennom moen. Denne skrivemåten e ikkje rett. Forklaringa med elv finn vi i standardverket våres om gårdsnamn, Oluf Rygh: Norske Gaardnavne: Det er "... uden tvivl rigtig, at Verselv er en udtaleform for Dvergselv, af dvergr, dverg, underjordisk." Namnet i Kvannlia skulle då ha utvikla seg frå Dvergselvmoen tel Verselvmoen.
"Men det er uden tvivl feil".

 versel1

Namnet Verselmoen har heilt sikkert sitt opphav i namnet versel, altså et vassoppkomme i marka.  Versel om vinteren - altså et vermsel,
et varmeholl der det kjem opp temperert vatn som ikkje frys.
(foto:Hans Kristian Eriksen)

Eg snakka med han Agnus Seljevoll i Kvannlia om det der. Han e en kunnskapsrik mann på området samiske namn og samisk språk på Senja. Eg sa: - Veit du Agnus korførr det heite Verselmoen vestaførre der du bor? - Ja, eg veit jo ka vitenskapen sei om det. Men han Rygh tar feil. Det har ikkje nokka med dverg eller underjordiske å gjøre. Den moen der e akkurat slik at der e mange sånne vassholl eller versel.
Vi har no ett her på gårn hos oss òg der vi brukte å kjøle melka førr, sa han Agnus.

 

versel2

Et sommarversel der iskaldt vatn boble opp.
Dette ligg like ved tufta etter svenksamen Guttut i Lars Larsadalen. Der er det versel ved alle gammetuftene der saman bodde somran fram tel 1920.

(foto:Hans Kristian Eriksen)

Korførr heite det så versel?
Jo, fordi slike holl ofte e åpne heile vinteren.
Det e oppkomme av temperert vatn, altså vatn som e varmare enn marka og snøen omkring,
og så blir det ligganes åpent heile eller det meste av vinteren. Ordet kjem av vermsel, altså det som varme opp - om vintern. Overalt der folk har ferdes hos oss, så har de lagt merke tel slike vassholl eller kjeldeholl. Et versel va en ressurs førr folk - ikkje minst førr det samiske folket. Når de vellte seg en boplass, va det viktig at det va et versel i nærheita. Reindriftssamen Aslak Båhl i Skibotn sa en gang: "Når dere nordmenn skal se etter plass til hus eller hytte går dere om sommeren og ser etter vann og brensel. Vi samer går om vinteren og slår oss ned der det e åpent vann".


I Lars Larsadalen holdt saman frå Sverige tel om somran. De bygde seg sommargamma. I dag finn vi versel attmed kver einaste gammetuft, telogmed om det renn ei elv førbi. Vi skjønne nok ka det kan bety av spart brensel når man slepp å tine snø for å få vatn. Og om sommarn verke vatnet i verslet iskaldt. Det blei brukt tel kjøleskap - tel avkjøling av melk -og under stiming av heimbrent. Og når du les dette, så tenk over om du kjenne tel namn på versel - og om du veit av nokken fine versel. Eg vil bli glad førr et verselnamn.

 

 

Publisert med tillatelse fra Hans Kristian Eriksen.

Oppdaterte Artikler